Dosentstigen: vedtak 04.06.24

I en pressemelding 5. april 2024 skriver Kunnskapsdepartementet

No legg regjeringa fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane, det vil seie lærar-, ingeniør- og helse- og sosialfagutdanningane. Regjeringa vil:

      • Legge meir vekt på erfaringsbasert kunnskap, for å sikre at studentane er rusta for røynda i profesjonane dei skal arbeide i.
      • Gjere utdanningane meir fleksible, slik at fagmiljøa sjølve kan forme utdanningar som er tett på praksis.
      • Gjere utdanningane tilgjengelege for fleire, og opne døra for fleire praktikarar, både til å ta utdanning og undervise andre.

Det ble fattet stortingsvedtak 4. juni i samsvar med Innstilling (330 S 2023-2024) som bygger på Meld. St. 19 (2023-2024)

Personlig kommentar 5. Juni 24. Helge Høivik


I stortingsmeldingas punkt 4.3 står det bl.a.

Eit fagmiljø er dei personane som direkte og regelmessig bidrar til utviklinga, organiseringa og gjennomføringa av eit studie-tilbod. Det er mellom anna krav til kompetansen til dei som jobbar i fagmiljøa. Krava går i hovudsak ut på at det må jobbe ein bestemt andel personar med første-kompetanse i eit fagmiljø. Sentrale krav er at for studietilbod på bachelorgradsnivå skal fagmiljøet knytt til studiet bestå av minst 20 prosent tilsette med førstestillingskompetanse

      • for studietilbod på mastergradsnivå skal 50 prosent av fagmiljøet knytt til studiet bestå av tilsette med førstestillingskompetanse, av desse minst 10 prosent med professor- eller dosentkompetanse.
      • for studietilbod på doktorgradsnivå skal fagmiljøet knytt til studiet bestå av tilsette med førstestillingskompetanse, av desse minst 50 prosent med professorkompetanse

Dette er utdypet i underpunkt 4.3.1

For at profesjonsutdanningane skal ha høg kvalitet, er det naudsynt med rett kombinasjon av forskingsbasert og erfaringsbasert kompetanse i fagmiljøa. I dag fører nokre av kvalitetskrava til at det blir vanskelegare enn tenkt å tilsette folk med erfaring frå praksis. Som skildra i kapittel 2 er akademisk drift ei velkjend utvikling i profesjonsutdanningane.

Regjeringa vil understreke at akademisering i seg sjølv ikkje er negativt, tvert om er det forventa at alle utdanningar skal vere forskingsbaserte og bygge på oppdatert forsking. Men dersom forsking og praksis ikkje er kopla godt saman, men eksisterer i kvar sin silo, så blir ikkje relevansen og kvaliteten i utdanningane betre, og forskinga og praksiskunnskapen forsterkar ikkje kvarande som forventa. I verste fall blir praksisnær kunnskap fortrengd som ein konsekvens av til dels feilslått akademisering. Regjeringa meiner derfor det er viktig å få fleire profesjonsutøvarar inn i fagmiljøa for å bringe relevant og heilt naudsynt erfaring frå arbeidslivet inn i utdanningane. Dette skal regjeringa sørge for gjennom to endringar:

      • å reindyrke den såkalla dosentstigen til å bygge på yrkeserfaring og pedagogisk erfaring
      • å endre kravet til fagmiljøa som tilbyr masterutdanningar

Et revidert forslag til retningslinjer for tilsetting og opprykk som 1.lektor og dosent, som bygger på dette, er nå til endelig behandling i Kunnskapsdepartementet.

Søkere bør gripe intensjonen

Den som skal levere søknad om tilsetting eller opprykk i dosenstigen bør fokusere på intensjonene i dette framfor tellekanter. Det gjelder særlig å snu fortegnet på den negative formuleringen

Men dersom forsking og praksis ikkje er kopla godt saman, men eksisterer i kvar sin silo, så blir ikkje relevansen og kvaliteten i utdanningane betre, og forskinga og praksiskunnskapen forsterkar ikkje kvarande som forventa.

Søkere bør altså demonstrere hvordan deres arbeid nettopp bidrar til en slik sammenkobling.

Mange innlegg på dette nettstedet peket på at det i særlig grad skjer gjennom eksperimentelt utviklingsarbeid som i henhold til Frascati-manualen bygger på innsikter fra både forskning og praktisk erfaring, og som dessuten “gjør noe med det” innen den breiere forståelsen av FoU.

Det ligger nok også inne at de brede UH-utdanningene har utfordringer i den tydelige tendensen de siste år til å rekruttere internasjonalt på grunnlag av Ph.D.-utdanning.